Hopp til hovudinnhaldet
VEVSMIA

Sals- og leveringsvilkår

Vilkåra for samarbeidet.

Her står kva du kan vente av Vevsmia, kva Vevsmia ventar av deg, og korleis vi handterer pris, levering, garanti, eigarskap og oppseiing.

Sist oppdatert: 15. august 2026

§ 1Partar og verkeområde

Desse vilkåra gjeld mellom BCS Sylte («Vevsmia») og den verksemda som bestiller tenesta («kunden»).

Vilkåra gjeld for sal til verksemder. Vevsmia sel ikkje til forbrukarar, og forbrukarkjøpslova og handverkartenestelova gjeld derfor ikkje for avtalen.

Ved motstrid gjeld skriftleg tilbod framfor desse vilkåra, og desse vilkåra framfor annan informasjon på nettstaden til Vevsmia.

Vilkåra finst på nynorsk, bokmål og engelsk. Ved motstrid mellom språkversjonane gjeld den nynorske versjonen.

§ 2Tilbod og avtale

Avtalen er inngått når kunden skriftleg har godteke tilbodet frå Vevsmia.

Tilbodet skal liste kva som blir levert. Kostnader kunden betaler direkte til andre — som domene og e-postteneste — skal stå i tilbodet med konkret beløp.

§ 3Pris og meirverdiavgift

Nettsidepakkane blir selde til fast pris. Prisen går fram av tilbodet.

Prisane er oppgitte eksklusiv meirverdiavgift. Vevsmia er per i dag ikkje registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, og meirverdiavgift blir derfor ikkje lagt til beløpet kunden betaler.

Ordinær timepris for arbeid utanfor pakke og utanfor inkludert tid i Vevsmia Drift er 1 250 kr eksklusiv meirverdiavgift.

  • Kundar utan driftsavtale: minstefakturering 30 minutt per oppdrag, deretter 15-minuttsintervall.
  • Kundar med driftsavtale: 15-minuttsintervall frå første minutt utover inkludert tid. Inga minstefakturering.

Arbeid utover det avtalte blir alltid avklart med kunden og estimert skriftleg før det startar.

§ 4Betaling

For nettsideprosjekt:

StegDelNår
150 %Ved bestilling
250 %Når sida er klar — betalt før lansering

Rekkjefølgja før lansering er: kunden ser og testar heile sida på ei uoffentleg adresse; Vevsmia og kunden går gjennom sida saman og openberre feil blir retta; sluttfakturaen blir betalt; sida går live; kontrollrunden startar.

Vevsmia Drift blir fakturert månadleg og forskotsvis.

Betalingsfristen er 14 dagar frå fakturadato. Ved forseinka betaling påløper forseinkingsrente og eventuelle inndrivingskostnader etter dei satsane og reglane som til kvar tid følgjer av lov.

Vevsmia tilbyr inga fornøydgaranti eller pengar-tilbake-ordning.

§ 5Oppstart og levering

Oppstart og estimert leveringstid blir avtalt for kvart prosjekt.

Leveringstida føreset at kunden leverer nødvendig materiale, tilgangar og tilbakemeldingar til avtalt tid. Forsinking frå kunden flyttar leveringstida tilsvarande.

Kvar pakke inneheld eit avtalt tal revisjonsrundar under bygginga: Fundament 1, Vekst 2 og Signatur 3.

§ 6Kunden sitt ansvar for materiale, tilgangar og tilbakemeldingar

Kunden skal levere materiale, tilgangar og tilbakemeldingar til avtalt tid. Vevsmia ber skriftleg om det som trengst for å halde fram.

Kunden er ansvarleg for at materiale han leverer er korrekt, og for at han har rett til å bruke det.

Har kunden ikkje levert innan 60 dagar etter ei slik skriftleg førespurnad, kan Vevsmia avslutte prosjektet med skriftleg varsel. Vevsmia kan då fakturere arbeid som faktisk er utført fram til avslutninga, og dokumenterte eller påløpte tredjepartskostnader. Betalt forskot blir avrekna mot dette. Kunden får rettar til det han betaler for, etter reglane om immaterielle rettar og eigarskap i desse vilkåra.

Denne regelen går føre den generelle fristen ved vesentleg misleghald.

Ønskjer kunden å ta opp att prosjektet seinare, blir omfang, pris og leveringstid avtalt på nytt.

§ 7Revisjonar og endringar

Revisjonsrundane i pakken gjeld under bygginga, før lansering.

Etter lansering skil Vevsmia mellom to kategoriar:

  • Feil — sida gjer ikkje det som er avtalt. Blir retta etter reglane om kontrollrunde og garanti.
  • Endring — kunden ønskjer noko anna enn det som er avtalt og godkjent. Blir bestilt og prisa.

Endringar blir fakturerte etter timepris, eller dekte av inkludert tid dersom kunden har driftsavtale. Kvar bestilt endring får 30 dagars eiga garanti, avgrensa til den endringa.

§ 8Kontrollrunde, garanti og feilretting

Kontrollrunde: 14 dagar frå start. Dekkjer alt som ikkje stemmer, også småting som strengt teke er endringar — skrivefeil, feil telefonnummer, eit bilete som skal byttast.

Garanti: 6 månader frå start. Dekkjer feil, ikkje endringar.

Klokka startar den dagen sida går live på kunden sitt eige domene, eller 30 dagar etter at Vevsmia skriftleg har meldt at sida er klar til lansering — det som kjem først. Fristen på 30 dagar gjeld berre når sluttfakturaen er betalt.

Ein feil er at sida ikkje gjer det som er avtalt, eller ikkje verkar som ei normalt fungerande nettside skal, på dei einingane og nettlesarane som er del av leveransen: gjeldande versjonar av Chrome, Safari, Firefox og Edge, samt iOS og Android.

Følgjande er ikkje feil

  • Kunden ønskjer noko anna enn det som er avtalt og godkjent.
  • Innhald kunden sjølv leverte som viser seg å vere feil, etter kontrollrunden.
  • Nettlesarar, operativsystem eller tredjepartstenester som endrar seg etter levering.
  • Kunden eller ein tredjepart har endra noko.
  • Domene, e-post eller registrar hos kunden.
  • Kunden har endra e-postadressa si utan å seie frå, eller e-posten hans avviser meldingar.
  • Synlegheit i søkjemotorar, trafikk eller konverteringar.
  • Innhald som blir utdatert.
  • Ny funksjonalitet.

Garantien på den opphavlege leveransen blir ikkje forlenga av seinare endringar. Endrar kunden eller ein tredjepart koden, fell garantien bort for dei delane som er råka — ikkje for resten av sida.

Etter perioden gjeld ordinær timepris med skriftleg estimat, eller inkludert tid for driftskundar.

§ 9Vevsmia Drift

Vevsmia Drift er ein sjølvstendig og valfri avtale. Nettsida fungerer utan drift, og drift er ikkje eit vilkår for at leveransen skal verke. Driftsnivået treng ikkje svare til nettsidepakken kunden har kjøpt.

NivåPris eks. mva.Inkludert
Fundament Drift 790 kr/md. 20 minutt endringstid; svar innan 3 virkedagar; vanleg prioritet; oppstart ved akutt teknisk feil innan 2 virkedagar
Vekst Drift 1 190 kr/md. 40 minutt; svar innan 2 virkedagar; prioritet framfor Fundament; oppstart innan 1 virkedag; 1 planlagd gjennomgang per år
Signatur Drift 1 690 kr/md. 60 minutt; svar innan 1 virkedag; høgast prioritet; oppstart same virkedag ved melding før kl. 12; 2 planlagde gjennomgangar per år

Virkedagar er måndag til fredag, unntatt norske heilagdagar. Vevsmia lovar responstid, ikkje faste kontortider. Planlagd fråvær som påverkar responstida blir varsla på førehand.

Ubrukte minutt blir ikkje overførte til neste månad. Det skjer inga automatisk oppgradering ved høgt forbruk.

Inkludert tid blir brukt på bestilte endringar i tekst, bilete, design, element og funksjonar, og på arbeid som skuldast kunden, ein tredjepart eller ei ekstern endring.

Feil Vevsmia har ansvar for trekkjer aldri inkludert tid. Det gjeld feil dekte av kontrollrunde eller garanti, og feil i Vevsmia si eiga felles infrastruktur, som den sentrale kontaktskjematenesta. Dette ansvaret held fram også etter at garantiperioden er over.

Vevsmia held felles infrastruktur under oppsyn: sentral skjemateneste og e-postformidling, leveringsvarsling, grunnleggjande overvaking, periodisk test av skjemaflyten, feil knytte til Cloudflare, SSL og TLS, og moglegheita til å republisere sida frå den autoritative kodebasen. Vevsmia lovar ikkje månadlege oppdateringar, manuelle sertifikatrutinar eller daglege sikkerheitskopirutinar.

Akutt teknisk feil er ein feil som gjer at nettsida eller ein sentral forretningsfunksjon er heilt eller vesentleg ute av drift. Skrivefeil, kosmetiske layoutfeil, søkjemotoroptimalisering, statistikk, vanlege innhaldsendringar og problem i kunden sine eigne tredjepartstenester er normalt ikkje akutt. «Oppstart» tyder at saka er teken, første vurdering er gjord og feilsøking er starta — ikkje at rettinga er ferdig. Ligg årsaka hos ein tredjepart, gjeld responstida for å undersøkje og hjelpe med å avklare, ikkje som ein garanti for kor raskt tredjeparten rettar forholdet.

§ 10Utan driftsavtale

Kunden får:

  • Ei nettside som held fram med å fungere.
  • Kontrollrunde og garanti på den opphavlege leveransen.
  • Rett til å bestille hjelp til ordinær timepris, i køen etter driftskundane.
  • Rett til full overføring når som helst.

Kunden får ikkje:

  • Overvaking, responstid eller prioritet.
  • Endringar utan bestilling.
  • Retting av feil som skuldast kunden, ein tredjepart eller ei ekstern endring.

§ 11Tredjepartstenester og kostnader

Vevsmia leverer ikkje e-postteneste og ikkje domeneregistrering. Kunden eig og betaler domenet direkte til registraren, og e-posttenesta direkte til leverandøren. Oppsett av avtalte e-postadresser kan inngå i pakken.

Eventuelle lisensar for skrifttypar, kart, booking eller liknande blir betalte av kunden direkte.

Hosting og den sentrale kontaktskjematenesta blir dekte av Vevsmia og blir ikkje fakturerte kunden.

Tredjepartskomponentar følgjer sine eigne lisensvilkår.

§ 12Immaterielle rettar og eigarskap

Når sluttfakturaen er betalt, eig kunden det kundespesifikke innhaldet, designet og dei kundespesifikke delane av den ferdige nettsida.

Kunden får ein varig, ugjenkalleleg, kostnadsfri og overførbar rett til å bruke, endre, kopiere, flytte og vidareutvikle heile nettsida — også gjennom ein annan leverandør.

Vevsmia beheld rettane til generelle malar, komponentar, kodemønster, metodar og kompetanse som ikkje er laga eksklusivt for kunden, og kan bruke desse i andre prosjekt. Desse rettane skal aldri hindre kunden i å bruke, endre, flytte eller vidareutvikle si eiga nettside.

Blir avtalen avslutta før leveransen er fullført, får kunden rettar til dei delane han betaler for, etter dei same prinsippa.

Kunden eig domenet og e-postkontoane. Desse blir oppretta i kunden sitt namn.

§ 13Referanse og portefølje

Vevsmia kan vise ferdige prosjekt med kunden sitt namn, logo og skjermbilete som referanse og portefølje, med mindre kunden skriftleg ber om at prosjektet ikkje blir publisert.

Dette omfattar ikkje interne utkast, innlogga område, kundedata eller konfidensielt materiale.

§ 14Personvern og databehandling

Vevsmia behandlar personopplysningar i samsvar med personvernerklæringa på nettstaden.

For personopplysningar som kjem inn gjennom kontaktskjemaet på kunden si nettside, er kunden behandlingsansvarleg og Vevsmia databehandlar. Vevsmia bruker Cloudflare og Mailjet (Sinch) som underleverandørar. Vilkåra for denne behandlinga er regulerte i eigen databehandlaravtale mellom partane.

Standardskjemaet skal ikkje brukast der innsendingane kan innehalde særlege kategoriar av personopplysningar, som helseopplysningar. Slike løysingar må vurderast særskilt.

§ 15Avbestilling

Kunden kan avbestille eit nettsideprosjekt før ferdig levering.

Vevsmia kan då fakturere arbeid som faktisk er utført fram til avbestillinga, og dokumenterte eller påløpte tredjepartskostnader. Betalt forskot blir avrekna mot dette. Kunden får rettar til det han betaler for, etter reglane om immaterielle rettar og eigarskap i desse vilkåra.

Det blir ikkje krevd eige avbestillingsgebyr.

§ 16Forsinking og misleghald

Forsinking frå Vevsmia

Vevsmia varslar så snart som råd dersom avtalt leveringstid ikkje kan haldast, og oppgir ny dato. Blir leveransen vesentleg forsinka, og Vevsmia heller ikkje leverer innan ein rimeleg tilleggsfrist sett skriftleg av kunden, kan kunden avslutte avtalen. Kunden betaler då berre for dei delane av leveransen som faktisk er leverte, og som kunden kan nyttiggjere seg av. Har kunden betalt meir enn dette, blir det overskytande tilbakebetalt. Kunden får rettar til dei delane han betaler for, etter reglane om immaterielle rettar og eigarskap i desse vilkåra.

Manglande betaling

Er betaling forfallen og kunden varsla, kan Vevsmia stanse vidare arbeid og utsetje lansering til betaling er motteken. Vevsmia Drift kan avsluttast etter regelen om vesentleg misleghald nedanfor. Blir driftsavtalen avslutta, blir nettsida ikkje teken ned, og kunden fell tilbake til same status som ein kunde utan driftsavtale.

Vesentleg misleghald

Kvar av partane kan avslutte avtalen skriftleg dersom den andre parten vesentleg misheld avtalen og ikkje har retta forholdet innan 30 dagar etter skriftleg varsel. For manglande materiale, tilgangar og tilbakemeldingar frå kunden gjeld den særskilde regelen om dette i desse vilkåra i staden for fristen her.

Forhold utanfor kontroll

Ingen av partane er ansvarlege for forsinking som skuldast forhold utanfor deira kontroll, når forholdet hindrar eller vesentleg forseinkar oppfyllinga. Dette omfattar mellom anna nedetid eller svikt hos tredjepartstenester, straum- eller nettbrot, og alvorleg sjukdom. Parten varslar så snart som råd og gjer det som med rimelegheit kan ventast for å avgrense følgjene.

§ 17Oppseiing, avslutning og overføring

Vevsmia Drift

Inga bindingstid.

Kunden kan endre nivå eller seie opp når som helst, med verknad frå utgangen av perioden som allereie er betalt.

Vevsmia kan seie opp Vevsmia Drift med minst éin månads skriftleg varsel. Oppseiinga får verknad ved utgangen av ein betalt periode. Dersom Vevsmia seier opp Vevsmia Drift, skal planlagde gjennomgangar som kunden har betalt for i den inneverande perioden, gjennomførast før oppseiinga får verknad.

Ved oppseiing frå begge sider blir nettsida ståande og kontaktskjemaet held fram med å verke. Kunden fell tilbake til same status som ein kunde utan driftsavtale, og kan ta opp att drift seinare. Eventuell avslutning av kostnadsfri hosting følgjer den separate regelen om tre månaders varsel nedanfor.

Kostnadsfri hosting utan driftsavtale

Vevsmia kan avslutte slik hosting med minst tre månaders skriftleg varsel. Nettsida er normalt tilgjengeleg gjennom heile varslingsperioden, og ingenting blir teke ned før perioden er ute. Kunden får då kostnadsfritt nettsidefilene, nødvendig teknisk dokumentasjon, oversikt eller eksport av DNS-oppsettet, og ei ordinær overlevering.

Overføring til ny leverandør

Kunden kan når som helst be om full overføring. Frist: innan 10 verkedagar frå skriftleg førespurnad.

Kostnadsfritt:

  • Alle kjeldefiler: HTML, CSS, JavaScript, bilete, ikon og fontoppsett.
  • Alt innhald kunden har levert.
  • Eit kort skriftleg overleveringsnotat.
  • DNS-oversikt eller eksport.
  • Stadfesting på at Vevsmia sin tilgang er fjerna.

Fakturerast etter avtale og skriftleg estimat:

  • Oppsett av sida i eit nytt miljø hos ein annan leverandør.
  • Opplæring eller støtte utover overleveringsnotatet.
  • Ombygging til ei anna plattform.
  • Omskriving eller omstrukturering av innhald.

Kontaktskjemaet følgjer ikkje automatisk med

Den sentrale tenesta som sender e-posten frå skjemaet, er felles for alle Vevsmia-kundar og kan ikkje brukast av ei nettside som ligg utanfor Vevsmia sitt miljø. Kunden eller den nye leverandøren må opprette og betale for ei ny sendingsteneste. Skal Vevsmia gjennomføre oppsettet, blir det fakturert som flyttehjelp.

§ 18Ansvar og ansvarsavgrensing

Vevsmia svarar for dokumentert direkte økonomisk tap som skuldast feil Vevsmia har ansvar for.

Vevsmia svarar ikkje for indirekte tap, som tapt forteneste eller omsetning, eller for tap som skuldast tredjepartstenester utanfor Vevsmia sin kontroll.

Samla ansvar for eit nettsideprosjekt er avgrensa til det kunden har betalt for det aktuelle prosjektet. For Vevsmia Drift er samla ansvar avgrensa til driftsvederlaget kunden har betalt dei siste 12 månadene før hendinga.

Avgrensinga gjeld ikkje ved forsett, grov aktløyse, eller der ansvar ikkje lovleg kan avgrensast.

§ 19Endringar i vilkåra

For nettsideprosjekt gjeld prisen og vilkåra som var avtalte ved bestilling. Fastpris blir ikkje endra undervegs.

For Vevsmia Drift kan Vevsmia endre pris og vilkår for framtidige betalingsperiodar med minst éin månads skriftleg varsel. Kunden kan seie opp før endringa trer i kraft, etter dei vanlege reglane for oppseiing.

Prisane til Vevsmia er oppgitte eksklusiv meirverdiavgift. Når Vevsmia er pliktig til å berekne meirverdiavgift, kjem gjeldande meirverdiavgift i tillegg frå det tidspunktet regelverket krev det. Dette blir ikkje rekna som ei prisendring etter varslingsregelen ovanfor. Løpande kundar skal informerast skriftleg så tidleg som praktisk mogleg.

§ 20Lovval og verneting

Avtalen er underlagd norsk rett.

Tvistar skal først søkjast løyste gjennom dialog mellom partane. Blir partane ikkje samde, kan saka bringast inn for dei ordinære domstolane, med Vevsmia sitt alminnelege verneting som avtalt verneting, så langt lova tillèt det.

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt.

Er det noko i vilkåra du lurer på før du bestiller, svarer eg gjerne.

hei@vevsmia.no